fredag 14. mars 2014

Denne oppskrifta skulle vore lagt ut rett etter nyttår. Her er den, i alle fall...

 

Nordlandslefse


Ingrediensar:
250 g margarin
4 koppar kefirmjølk
1 kopp rømme
5 ss sirup
2 koppar sukker
1,5 ts hornsalt
1 ts natron
mjøl

Slik gjer du:
1. Smelt margarin i ei panne.
2.Røyr natron ut i surmjølka.
3.Røyr hornsalt ut i litt varmt vatn.
4.Bland alt saman.
5. Kna deigen og del den i mindre bitar, ca 4-5 stk.
6. Kjevle ut kvar del til ei rund leiv.
7.Skjær ut sirkelforma emne rundt eit passande stort fat.
8. Steik på begge sider på ei takke eller ei steikepanne.


 

Julebrød


Ingrediensar:
1000-1100 g kveitemjøl
6 dl mejølk (ca. 20-25 grader)
25 g fersk gjær, gjerne raud type
150 g sukker
2 ts kardemomme
1/2 - 1 ts salt
1 egg
150 g smør i terningar
ca. 300 g rosiner
1 egg (vispa saman til pensling)

Slik gjer du :
1. Legg rosinene i varmt vatn som såvidt dekkjer rosinene.
2. La  dei trekkje i ca 30 minutt, gjerne lenger.

Når du skal blanda ingrediensane - bruk gjerne kjøkkenmaskin med eltekrok.

3. Bland alle ingrediensane, med unntak av smøret, rosinene og egget.
4. La kjøkkenmaskina stå på låg fart i ca. 10 minutt, til deigen slipp eltebollen.
5. Juster eventuelt med meir mjøl, om deigen er litt klissete.
6. Tilsett  så smøret i små terningar, og elt til deigen slipp kantane i eltebollen, og alt smøret er elta  godt inn i deigen, etter ytterlegare ca. 10 min.
7. Øk gjerne farten på kjøkkenmaskina opp mot middels fart undervegs.
8. Klem vatnet ut av rosinene, og elt dei inni deigen dei siste sekunda, til dei er nokonlunde jamnt  fordelte i deigen, men ikkje så lenge at dei blir moste.
9. Deigen skal no vera blank og fin og klar for heving.
10. Dekk bakebollen med plast eller lokk, sett deigen på ein lun stad, og la den kvila i ca 1 time eller til den har dobbel storleik.
11. Du skal ha ein mjuk, elastisk og smidig deig, som er lett og lar seg forma.
12.  Del deigen i tre eller fire like store bitar, og form til store bollar på eit bakebord dekt av mel.
13. La dei kvila i ca 15 min. Form deretter julebrøda i ønska fasong, og legg dei på eit bakepapirkledd steikebrett.
14.Dersom du lagar fire julebrød, bør du fordela dei på to steikebrett.
15. La julebrøda etterheva under klede eller plast til nesten dobbel storleik.
16. Pensle brøda med samanvispa egg, og skjer snitt i brøda.
17.Steik julebrøda på nedste rille ved ca.200 grader (over og undervarme) i 25- 30 minutt, eller til brøda har fått fin farge og er gjennomsteikte. Følg med mot slutten av steiketida, når det er gått ca. 20 minutt.
Dersom du synest julebrøda ser ut til å bli litt for brune på toppen, kan du legga eit bakepapir over brøda, eller du kan slå av overvarmen, slik at brøda vert stekte ferdige med kun undervarme. Avkjøl julebrøda på ei rist. Nytast med smør og geitost, eller det du måtte foretrekka.











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar