fredag 16. mai 2014

Frukostblanding

Ingrediensar:

4 ms valnøtter
4 ms hasselnøtter
1 dl appelsinjuice (eller annan fruktjuice)
1 ms flytande margarin
1 ms sukker
1 ms honning
6 dl havregryn
1 dl solsikkekjernar
3 ms sesamfrø

Framgangsmåte:

1. Set steikjeomnen på 140 grader og legg bakepapir på eit steikjebrett.
2. Grovhakk nøttene.
3. Ha juice, margarin, sukker og honning i ein liten kjele.
4. Varm opp medan du rører. Rør til sukkeret er oppløyst.
5. Bland saman dei andre ingrediensane i ein bolle.
6. Hell juiceblandinga over i bollen og bland.
7. Forden frukostblandinga jamt utover på steikjebrettet med ein slikkepott.
8. Set brettet midt i  steikjeomnen.
9. Bruk gryteklutar og ta ut steikjebrettet etter ca. 30 minutt.
10. Rør i frukostblandinga med ei tresleiv og steik vidare i 15-20 minutt.
11. Avkjøl og et blandinga med mjølk eller yoghurt og friske bær eller frukt i bitar.







fredag 9. mai 2014

Arme riddarar

Ingrediensar:

2 egg
1-2 ms sukker
2 dl mjølk
1/2 ts kardemomme
1/4 ts kanel
4 skiver brød, gjerne nokre dagar gamle
1-2 ts flytande margarin til steiking

Framgangsmåte:

1. Visp egga lett saman med sukker, mjølk og krydder. Hell blandinga i eit fat med kanter.
2. La brødskivene liggje i røra til dei er gjennombløytte.
3. Ta opp brødskivene og steik dei med litt margarin i steikjepanne på middels varme. Steik på begge sider til dei er pent gulbrune.
4. Server arme riddarar straks med rørte bær eller syltetøy.


 

Eggepanne

Ingrediensar:

4 egg
4 ms vatn
1/2 ts salt
1/4 ts pepar
1 finhakka kvitlauk
1 vårlauk eller 1/4 purre
1/4 squash
1-2 ts flytande margarin til steiking
1 dl riven ost eller 2 ms fetaost

Framgangsmåte

1. Visp egg, vatn, salt, pepar og eventuelt kvitlauk.
2. Skyl vårlauken eller purren og skjær den i tynne skiver.
3. Skjær tomatane i skiver eller del cherry-tomatane i to.
4. Skjær squash'en i tynne skiver.
5. Ha margarin i ei middels varm steikjepanne. Slå i eggeblandinga.
6. La eggeblandinga stivne litt og fordel grønsakene og osten over.
7. Skru ned varmen og la eggepanna stivne heilt, gjerne under lokk.
8. Bruk steikjespaden og stikk litt i eggepanna medan ho stivnar, slik at det flytande renn ned i botnen.
9. Server gjerne rista brød (restar) til.