torsdag 16. januar 2014

Kjøttboller, kjøttkaker og muffins.

Vi starta dagen med å skrelle poteter. Nokon lagde små kjøttboller. Desse skal serverast til SFO seinare i vår. Andre lagde kjøttkaker (sjå oppskrifta frå førre veke), ertestuing og brun saus. Litt seinare kom tre jenter frå 4. klasse for å laga lyse muffins til klassen sin. Oppå hadde dei farga glasur med strøssel (tutti frutti).




fredag 10. januar 2014

Tradisjonsmat


Du veit sikkert kva ein tradisjon er. Tradisjonar er noko vi gjer om att og om att i løpet av livet, til dømes feirar vi høgtider og 17. mai. Vi kan ha mat som tradisjon òg, og då meiner vi mat som er blitt eten gjennom fleire generasjonar - til dømes mat som både du, foreldra dine og besteforeldra dine har ete. Kjøttkaker i brun saus er norsk tradisjonsmat.

Kjøttkaker i brun saus


Ingrediensar:

Kjøttkaker:
400 g kjøttdeig
1 1/2 ts salt
1/4 ts pepar
1/4 ts malen muskat
1/4 ts malen ingefær
2 ms potetmjøl
1 1/2 dl mjølk eller vatn
2 ms flytande magarin til steiking

1 løk
6 dl kjøttbuljong (=6 dl vatn + 1 kjøttbuljongterning)

Brun saus:
5 dl buljongkraft  frå kjøttkakene
jamning av 3 ms kveitemjøl utrørt i litt kaldt vatn
ca. 1 ts salt
ca. 1/2 ts pepar
ca. 5 dropar sukkerkulør

Grøn ertestuing:
1 liten pakke frosne erter
1 dl kjøttbuljong (= 1 dl vatn+ 1/4 kjøttbuljongterning)
2 ms flytande margarin
1/4 ts pepar


Slik gjer du:
Kjøttkakene:
1. Bruk ein trespade eller nyvaska hender og rør saltet godt inn i kjøttdeigen. Rør inn krydderet og potetmjøl og tilsett mjølk eller vatn, litt om gongen.
2. Form runde kaker ved hjelp av ei skei og handa di. Dypp skeia i eit glas vatn mellom kvar kake.
3. Ha margarin i steikepanna og steik kjøttkakene på middels varme i nokre minutt på kvar side - til dei har fått ein fin brunfarge.
4. Finhakk løken.
5. Ha kjøttbuljong i ei gryte og varm den opp. Ha i kjøttkakene og løken.
6. La dei småkoka i ca. 10 min til kjøttkakene er gjennomkokte.

Brun saus:
1. Bruk ei holsleiv og ta opp kjøttkakene fra gryta og legg dei på ein stor tallerken.
2. Kjøttbuljongkrafta i gryta skal bli saus. Dersom du ikkje lager kjøttkaker, kan du bruke 5 dl kjøttbuljong.
3. Bland kveitemjøl med kaldt vatn og spe (tilset litt og litt) i gryta under omrøring til sausen er passe tjukk.
4. La sausen koke i 5 minutt.
5. Smak til med salt og pepar.
6. Tilsett sukkerkulør til du får passeleg farge på sausen. Rør godt.
7. Ha kjøttkakene tilbake i sausen og kok han opp, slik at kjøttkakene blir gjennomvarme.

Grøn ertestuing:
1. Kok opp dei frosne ertene i kjøttbuljongen.
2. Mos alt med ein stavmiksar, ein matprosessor eller eit potetmosarjern.
3. Tilset margarin og smak til med pepar.

Server kjøttkakene med brun saus, kokte poteter, grøn ertestuing og tyttebærsyltetøy.