torsdag 17. oktober 2013

Fiskesuppe til 3-4 personar


Ingredienser:

2 vårlauk
2 sjalottlauk
1 fedd kvitlauk
2 gulrøter
2 ss smør

6 dl fiskekraft
1 pk fløyte
1 dl rømme
1 pk med 4 laksefiletar

Framgangsmåte:

Kutt opp grønnsakene, og legg dei i ein bolle. Kutt opp laksen i terningar. Legg desse i ein bolle. Finn fram ei panne og ha oppi 2 ss smør. Steik grønnsakene til dei glinsar. Tilset 6 dl fiskekraft, deretter 1 pk fløyte, 1 dl rømme og tilslutt laksen.
La det heile trekke i 5 minutt.

Server gjerne med rundstykke og smør.









tirsdag 15. oktober 2013

Muffins

Vi brukte kjøpepose med glutenfrie muffins.
Oppskrifta står på pakka.

Vi laga pynt av ferdiglaga marsipan, blanda med konditorfarge.
Vi skar av lokket på muffinsen, hadde syltetøy i, og la på lokket att.
Vi delte først marsipanpølsa i to delar. Deretter delte vi kvar halvdel i fire. Vi brukte ein og ein halv slik del til kvar muffins. Vi tok ein del i handgropa og kneip han saman til ei kule. det er viktig å ikkje jobbe for lenge med marsipanen, då dette fører til at marsipanen vert klissete og klam. Deretter kjevla vi ut ein del til den blei ca 2 mm tjukk. Då vi kjevla marsipanen ut, måtte vi snu den ofte, slik at den ikkje hang seg fast.Vær forsiktig!
Når marsipanen er kjevla tynn nok,legg vi den over muffinsen, og skjærer rundt muffinsen.

Lag blad og rose av marsipanen som er att:
Lag først ein rund ball av marsipanen. Ha i grøn konditorfarge.
Kjevl ut den grøne marsipanballen, og skjær ut blad. Dersom du lagar striper i blada, vert det ekstra fint. Tilslutt fester du blada på toppen av muffinsen.

Ta ein ny del med marsipan. Ha i raud konditorfarge. Legg marsipanen på eit skjærebrett og rull den til ei pølse. Del rullen i åtte bitar. PS! Talet på bitar må vera eit partal...
Rull bitane til kuler, som du legg i ein pose. Legg berre to bitar i posen om gongen.
Trykk litt på ballane før du kjevler over dei, medan dei ligg i posen.
Når du tek ballane ut av posen, er dei vorte flate.
Brett dei flate delane rundt kvarandre, to og to, til det ser ut som ei rose.