fredag 1. november 2013

Lefser

Ingrediensar:
Snøfrisk
Røykelaks
ruccola

Først tok vi fram alle tinga. Så starta vi med og liggje lefsene på bordet. Deretter tok vi snøfrisk oppå, og skar laksen i fine strimlar. Deretter tok vi ruccola på. Tilslutt rulla vi dei saman, og delte dei i to (PS! Skjær på skrå..).



Rundstykke

Ingrediensar:
1/2 pk. fersk gjær (=1/2 pose tørrgjær)
2 dl lunka vatn ellar lunka mjølk.
1 ms flytdane magarin
1/2 ts salt
2 1/2 dl grovt sammalt kveitemjøl
ca. 2 1/2 dl kveitemjøl

1. Set steikjeomnen på 240 grader C. Dekk eit steikjebrett med bakepapir.
2. Rør ut gjæren i fingervarmt vatn, eller mjølk i ein bakebolle. Varm opp til 37 grader C om du bruker fersk gjær, og ca. 40 -45 grader C om du bruker tørrgjær.
3. Tilset flytande margarin.
4. Rør inn salt og alt det sammale mjølet.
5. Set til mesteparten av kveitemjølet og elt deigen smidig og jamn., slik at han slepper reiskapen og bollen.
6. Dekk bakebollen  med plast eller ein rein kjøkkenhandduk. La deigen heve til dobbel storleik.
7. Elt deigen lett saman og trill han til ei pølse, som du deler i 8 like deler.
8. Trill glatte, sprekkfrie rundstykke og legg dei på steikjebrettet.
9. La rundstyka etterheve under ein rein kjøkkenhandduk til eit lett fingertrykk i deigen går langsamt tilbake.
10. Pensl rundstykka med vatn. Drys litt sammalt mjøl over like før steiking.
11. Steik rundstykka midt i omnen i ca. 10 min. Avkjøl dei på ein rist.












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar