fredag 15. november 2013

Laks på grillspyd med gresk salat og tzatziki

Laks på grillspyd

400 g laksefilet, utan skinn og bein.
1 ss fennikel, malt
1 ss nellik, malt
1 ss chili, malt
1 ts salt
4stk grillspyd

Tenk på at mat til mange kan ta tid. Hald litt tilbake på salthaldige ingrediensar og krydder.
Smak heller til mot slutten.
Varm opp grillen. Skjær laksefilet i store terningarog fest fire terningar på kvart grillspyd.
Bland fennikel, nellik, chili og salt godt saman, og rull laksespyda i krydderblandinga.
Grill laksespyda 2 minutt på kvar side.

Tips: Om du bruker grillspyd av tre må desse ligge i vatn i ca. 30 minutt før bruk.

 

 

Gresk salat

2 stk tomatar
0,5 stk agurk
200 g fetaost
3 stk sjalottløk
100g oliven,sort
2ss oregano, frisk
2 ss olivenolje, kaldpressa

Skjær tomat, agurk og fetaost i terningar, og sjalottløk i tynne båter. Bland saman.



Tzatziki

1 stk agurk
1 fedd kvitløk
1 ss olivenolje, kaldpressa
2 dl mat yoghurt
salt og pepper

Skrell agurken. Del den på langs, ta ut frøa med ei skei og riv den på eit grovt rivjern. Dryss litt salt over, og la agurken kvile i 15 minutt før du siler av væska. Finhakk kvitløken, og bland med dei øvrige ingrediensane til tzatzikien. Smak til med salt og peppar.






 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar