fredag 13. september 2013

Idag inviterte vi 2 klasse til bursdagsfest.
Vi lagde 3 langpanner med sjokoladekake og 80 hotdog. Dei som ikkje kunne eta  sjokoladekake, fekk glutenfrie muffins. Dei som ikkje kunne eta svin, fekk kyllingpølser.

Her er oppskrifta på sjokoladekaka. Vi måtte doble  oppskrifta, fordi den gjekk berre til ein halv langpanne.

Mokkabitar

4 egg
6 dl sukker
9 dl kveitemjøl
4 ts bakepulver
2 ms bakekakao
3 dl kulturmjølk
300 g smelta margarin
4 ts vaniljesukker

1. Pisk eggedosis av egg og sukker.

2. Sikt i det tørre vekselvis med mjølk og smelta, avkjølt margarin, og rør alt saman til ei høveleg tjukk røre.

3. Legg bakepapir i ei lita omnspanne eller smør panna.
4. Hell røra i omnspanna.
5. Steik kaka på den nedste rilla i omnen i 20-30 minutt ved 180-200 grader.

Medan kaka steikjer, kan du laga glasuren.


Glasur

200 g smelta margarin
2 ms bakekakao
4 ts vaniljesukker
6 ms flytande kaffi
400-500 g melis

1. Smelt margarin.
2. Bland kaffien i margarinen.
3. Sikt i alt det tørre og rør det godt saman til ein høveleg tjukk krem.
 
 
 
 
 
 

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar